Side:Norsk mållære.djvu/3

Denne siden er korrekturlest
Førreorð.

Den mållæra, eg her leg fram for lesarom, var ophavleg tenkt til å skulle verte mykje minre, æn ho er vorte. Eg var nemleg først tenkt til å koma berre með so mange regla og forme, som eg trudde, de var nauðtorvelegt å inprente bornom i sjølve ålmugeskulen. Men di meire eg av denne orsak kneip på desse ting, di meire klårt vart de for meg, at folk flest vilde koma til å sakne ei næmare utgreiðing av mange ting. Av denne grun vart eg råd til å gjera bokja noko større æn frå først av tenkt. Som no ho kjem, er ho difor ikkje næmast etla born (alraminst som leksebok), men andre, som kunde ønskje ei slik bok til si retleiðing, når dei vilde skrive neð tankane sine. Serleg er ho då etla lærarom, for åt dei kan ha ei bok å halde seg til, som både er let overkomeleg og samstundes so vidt fulstendug, at dei i henne kan finne hjelp til å greiðe ut dei fleste av dei målspørsmålom, som barnelæraren ber kunne gjive oplysande svar på.

Men om æn bokja soleiðs næmast er etla vaksne, er eg då ikkje i tvil om, at ho au með gagn kan gjivas born, når desse enten har nokon mållærekunskap før, eller har ein lærar veð handen, som kan hjelpe deim å velje ut de, som høvelegt er.

Den første tanken min har eg då ikkje reint gjive op, for eg tru framleiðs, at de vilde vera godt å ha ei mållære, som næmast var etla bornom i ålmugeskulen, når ho berre først hadde ei større å støðe seg åt. Difor har eg au tænkt með de første å kunne få gjive ut ei slik ei.

De segje seg sjølv, at I. Åsens norske mållære og orðbok har vore hovuðkjeldone for meg under arbeiðe með ei slik bok; og når eg i some tilfelle går noko breiddameð den vegen, Åsen har staka op, er de i de håpe, at manfjølden vil finne seg betre tent með de. Av mange grunna var de meg om å gjera å følgje Åsen, og når eg lei såg meg nøyd til å bryte her og der,