Side:Norsk mållære.djvu/35

Denne siden er korrekturlest


§ 85.
Forteljemåten i førtiðen.(§ 82).
  1. A-orða får brigde a. Eintal lik fleirtal.

Merkn. Endebrigde: ade, som har vore i skriftleg bruk, fins ingenstaðs i talen.

  1. De-orða og te-orða får brigde: de (dde) el. te. Eintal lik fleirtal.
    1. De-orð er dei av desse orðom, som i tingmåten i notiðen har berre ein meðlyð millom rotsjølvlyðen og endebrigde, soframt at denne meðlyðen er d eller g, ofte au, når han er v, (ein inset j etter siðste rotbokstaven reknes ikkje með), t. d. duge (dugde), leiðe (leid-de), leva (levde), gled-j-e (gled-de). Derimot: sende (send-te, diat her er tvo meðlyða millom sjølvlyðom.
      (Vilje har vil-de).
      Brigde: dde får dei, som i tingmåten har ei sjølvlyðendande rot, t. d. spå (spå-dde), fli (fli-dde), gro (gro-dde), døy-e (døy-dde).

    Merkn. Ein må ikkje her blande bort-i dei lyðsprangorða, som har ei sjølvlyðendande rot, t. d. klå (klo), slå (slo), osb.

    1. Te-orð er alle dei andre av desse orðom, som ikkje er de-orð, t. d. lyse, (lys-te), mæle (mæl-tej, o. s. v.

Merkn. Bruken av: de eller te er noko ostøð. I ikkje fåe målføre vert de bruka i fleire tilfelle æn i § 85, 2. a. omtalt, men aldri der rota ende på: s, t, p, k, og mesta aldri etter r, l, n. i Etter v. og m er bruken mest ostøð.

  1. Lyðsprangorða sit sermerkje i førtiðen er, at dei får ein annan rotsjølvlyð æn i tingmåten, men ikkje noko endebrigde. Eintal lik fleirtal. Lyðsprangje er utan fast regel og må læras for kvart orð (§ 100).
§ 86.
Skapnaðmåten i førtiðen. (§ 82).
  1. A-orða har brigde a i alle kjønom og båðe talom:

Ein kasta stein, steinane vart kasta (§ 64, 4).