Side:Norsk mållære.djvu/4

Denne siden er korrekturlest

og veð dette vonlegvis kjem til å støyte mange, so kan desse vera visse på, at eit slikt brot ikkje er gjort, utan at eg trudde å ha mine goðe grunna; som alraoftast vil desse grunnane jamvel vera gravne fram or Åsens eigne bøker. Di meire gjenom gripande brotta er, di støðare kan ein vera på, at grunnane til deim er vel drøfta. Som slike brot må nemnas : fleirtalbrigdingja hjå tingorðom, brigdingja av verkeorðe i ting- og forteljemåten i notið, likeso skapnaðorðbrigdingja. Mest støytte veð desse brottom vil vel dei verte, som er opalne i dei målførom, Åsen næmast har lagt til grun for mållæron sin; men de er børden åt desse å hugse på, at dei ikkje utgjer de norske folkje åleine, og at dei difor må vera viljuge til å gjive kjøp her og der, dei likesovel, som alle vi andre må gjera, når manfjølden kreve de. Dei må au minne seg på, at krave til sit eigje með like so stor tyngd lig neðe på hjartebotnen hjå alle dei hine, so at støyten er like stor, og sviðen like sår hjå den eine som hjå den andre, når de ovante og framande møte. De er dette siðste, som so oftom vert gløymt av dei mållesarom, som Åsen har løfta på armom som beste gulborna, de dei i mangt og mykje au er, set frå reint vetenskaplegt hald. Men de vetenskaplege kan vera godt nok for dei ulærde; i de daglegdagse live spørs de først og fremst om, kor brukført måle er for folk flest. Með dette er de då ikkje sagt eller meint anna, ætt at kvar landsdeil må ha noko lite frit leikerom for skrivemåtom sine og serleg for sin uttale, når dei les.

Alle dei framande namna, som mållærone er so fulle av har volda meg mykje bryð. De var meg om å gjera å finne namn, som gjenom namne gav tankeinhalde. I alle tilfellom var dette meg ikkje fult ut moglegt, når orðe ikkje skulde viðske seg ut til altfor mange stavelso eller jamvel til heile setninga; men eg vone då, at i dei fleste tilfellom er namna nokonlunde råkand og i alle fal betre æn dei framande.

Bokja har kosta meg meire arbeiðe, æn dei fleste vil falle på å tenkje seg; men arbeiðe har vore meg kjært, diat eg trudde, de vilde verte til gagn for dei kjære samlendingom mine; og með de ønskje og með de håpe sende eg bokja ut ibland deim.

Nidaros, i januar 1880.

I. H.