Side:Norsk mållære.djvu/7

Denne siden er korrekturlest

endestavelse; t. d. sky, give, geispe, gøyme, køyre, rike (les: skjy, gjive, gjeispe, gjøyme, kjøyre, rikje). I desse tilfellom må då lesarane inprente seg, at g og k likevel skal uttalas som gj og kj.

Merkn. 2. I some orð skal g og k með rette ha harð uttale førre e, når denne er i endestavelson, og må difor ikkje skrivas með j etter seg; t. d. ei kake, ei tunge, stenger, slike, bøker o. s. b.

Uttalen er her harð av den grun, at g og k i slike orð ikkje ophavleg hadde ein len sjølvlyð etter seg. Den gamle forma for desse orðom var nemleg: ei kaka, ei tunga, bøkr, slika, stengr o. s. b.

Merkn. 3. Some har ein ostøð uttale, t. d. bakke eller bakkje. I slike tilfelle får ein rette seg etter de målføre, ein er opalen i.

Merkn. 4. Veð stavelsedeiling må gj og kj ikkje verte skjelte: se-gje, ten-kje, byg-gje, sø-kje. Likeso må ein akte seg for å late gj høyras som g og j kvar for seg. Enten høyres dei som berre j, eller gen flyt samen með den førrestandande sjølvlyðen til ein tvilyd; t. d. gjeispe (utt. jeispe), segje (utt. seie), tygjel (utt. tyjel). Kj må heller ikkje uttalas som k og j kvar for seg. Dei flyt oftast samen til ein lyd, som oftom er næmare tj; t. d . tenkje (utt. mesta, som ten-tje). Her som so oftom elles må då reglane gjive noko tøyg for sermerkjom i dei skjelte målførom.

§ 6. Å skrive same meðlyðen tvifelt i same stavelson er tungvint og slet ikkje nauðtorvelegt utan i reint einstake tilfelle, som ein ikkje treng nokon ålmen regel for, t. d. ful, full. Kjem de derimot eit endebrigde (§ 7) til, so de vert fleire stavelso, so vert siðste meðlyðen set tvifelt, soframt at de, meðan orðe var einstaving, stoð berre ein meðlyð etter sjølvlyðen, og denne sjølvlyðen hadde støt uttale; t. d. ein hat, hatten, hatta; men derimot: gris, grisen, diat sjølvlyðen der er lang.

Merkn. Reglane er soleiðs dei same som i dansk, og ingjen danske har noko bryð með å lesa og skrive etter desse. Likeins vil de gå með norsken og dei norsktalande; andre må de her sjåas bort ifrå. Likeso får ein sjå bort ifrå den nytton, meðlyðtvifelle kunde gjera i ei orðbok, eller når orðe elles står lausreve frå sit samenheng.