Side:Norsk mållære.djvu/8

Denne siden er korrekturlest


§ 7. Dei bokstavane i eit orð, som altið høyre orðe til, kalle vi rota; dei derimot, som både kan vera og ikkje vera, heite endebrigde eller berre brigde, t. d. hopp-e, hopp-ande; hest-a, hest-ens; goð-e, al-t o. s. b.

§ 8. Veð lent lyðbrigde meine vi ombrøyte ifrå ein harð sjølvlyð til den tilsvarande lenne:

a til e take, tek,
å æ slå, slæ,
o ø stor, større,
u y mus, myser,
au øy dauðe, døye.

Merkn. I dei målførom, der lyðsamensetningja: jo og ju fins, vert desse til y, t. d. rjuke, ryk; brjote, bryt.

§ 9. Harðt lyðbrigde kalle vi de, når a vert til o, t. d. barn, born (§ 55).

§ 10. Når sjølvlyðen likesom spring frå den eine til den andre utan å følgje reglom i §§ 8 og 9, heite de lyðsprang, t. d. finne, fan, funne.

Orðslagja,

§11. Orða i måle vert deilte i 10 slag, og namna på desse er: tingorð, skapnðoorð, kjønsorð, varorð, talorð, verkeorð, omstandsorð, høveorð, bindeorð, ut-ropsorð.

§ 12. Tingorða er orð, som nemne namne på eit menne eller ein ting eller på noko, som vert tenkt som ting, t. d. prest, stol, dugleike.

Merkn. Tingorða er 3 slag:

1. Sernamn er namn på ting, som de fins berre ein utav. Menneskjenamn vert au meðrekna til desse, t. d. Guð, Noreg, London; Olav, Guðveig.
2. Samnamn er namn på ting, som de er fleire utav, t. d. hus, prest, skomaker.
3. Tankenamn er namn på tenkte ting, enten ei verksemd, eit tilstand eller ein skipnað, t. d . sauming, somn, klokskap.