Broder urettelege, han skal vera
sakad fyre Domen; og kvar den,
som segjer til sin Broder: Raka,
han slal vera sakad fyre Raadet;
og kvar den, som fegjer: Din
Daare, han stal vera sakad til
Helvites Eld.
23 Difyre, naar du ber fram
Gaava di paa Altaret, og du der
minnest, at din Broder heve nokot
imot deg,
24 so lat daa Gaava di liggja
der ved Altaret og gakk og vert
fyrst samd med Broder din, og
kom so atter og ber fram Gaava di.
25 Ver velviljug imot din
Motstandar, og det snart, imedan
du enndaa er paa Vegen med
honom, at ikkje Motstandaren skal
yvergiva deg til Domaren, og
Domaren yvergiva deg til Tenaren,
og du stal verta kastad i Fangehuset;
26 sannelege fegjer eg deg:
Du skal slett ikkje koma ut der
ifraa, fyrr enn du avgjerer den
siste Peningen.
27 De hava høyrt, at det er
sagt til dei Gamle: Du skal ikkje
driva Hor.
28 Men eg fegjer dykker, at
kvar den, som ser paa ei Kvinna
til aa lysta etter henne, han heve
alt drivet Hor med henne i sit
Hjarta.
29 Men dersom høgre Augat
dit avstyggjer deg, so riv det ut og
kasta det ifraa deg; for det gagnar
deg, at ein av Limom dine gjeng
spillt, og at ikkje heile Likamen
din skal verta kastad i Helvite.
30 Og derfom høgre Handi
di avstyggjer deg, so hogg henne av
deg og kasta henne ifraa deg ! for
det gagnar deg, at ein af Limom
dine gjeng fpillt, og at ikkje heile
Likamen din stal verta kastad i
Helvite.
31 Men det er sagt, at den,
som vil skilja seg ved Kona si,
han skal giva henne eit Stilsmaalsbrev.
32 Men eg segjer dykker, at
den, som skil seg ved Kona si,
utan fyre Hors Skuld, han gjerer,
at ho driv Hor; og den, som tek
til Kona ei, som er fraaskild, han
driv Hor.
33 De hava ogso høyrt, at
det er fagt til dei Gamle: Du
skal ikkje gjera rang Eid, men
du skal halda dine Eidar fyre
Herren.
34 Men eg fegjer dytter: De
skulo slettikkje sverja, korkje ved
Himmelen, for han er Guds Høgsæte;
35 helder ikkje ved Jordi;
for ho er Fotskammelen under
Fotom hans; og helder ikkje ved
Jerusalem, for det er den store
Konungs Stad.
36 Du skal helder ikkje sverja
ved ditt Hovud; for du kan ikkje
gjera eit Haar kvitt elder svart.
37 Men lat Talen dykker
vera: Ja, ja; nei, nei; men det,
som gjeng utum dette, det er av
den Vonde.
Side:Nye testamente (1889).djvu/11
Denne siden er korrekturlest