magti, so gjer det Gode, og du skal hava Ros av henne;
4 for ho er Guds Tenar, deg til Gode. Men gjerer du det Vonde, so ræddast! for ho ber ikkje Sverdet fyre inkje; for ho er Guds Tenar, ein Hemnar til Vreide yver den, som gjerer det Vonde.
5 Difyre er det naudsynlegt aa vera lydug, ikkje berre fyre Vreidens Skuld, men og fyre Samvitet.
6 Difyre leggja de daa og Skatt; for dei ero Guds Tenarar, som just taka Vare paa dette.
7 Give daa Alle det, de ero deim skulduge: den Skatt, som Skatt skal hava, den Toll, som Toll skal hava, den Age, som Age skal hava, den Æra, som Æra skal hava.
8 Verte Ingen nokot skulduge, utan det aa elska kvarandre; for den, som elskar den Andre, heve uppfyllt Logi.
9 For det Ord: Du skal ikkje driva Hor, du skal ikkje slaa i Hel, du skal ikkje stela, du skal ikkje bera falskt Vitne, du skal ikkje lysta, og um der er nokot annat Bodord, det vert atter samanteket til eitt i dette Ord: du skal elska Næsten din som deg sjølv.
10 Kjærleiken gjerer Næsten inkje Vondt; difyre er Kjærleiken Uppfylling av Logi.
11 Og dette gjeld det um no, daa me kjenna Tidi, at Timen er komen, daa me skulo vakna upp or Svevne; for Frelsa er oss nærre no, enn daa me tok ved Trui.
12 Det lid med Natti, og det stundar til Dag; lat oss daa leggja Verki fraa Myrkret av og taka Vaapen fyre Ljoset paa!
13 Lat oss ferdast sømelege som um Dagen, ikkje i Svir og Drykk, ikkje i Lauslivnad og Utugt, ikkje i Kiv og Ovund.
14 Men iklæde dykker Herren Jesus Kristus, og gjere dykker ikkje Umsut fyre Kjøtet til aa vekkja Lyster!
Men take vel ved den, som er veik i Trui, utan aa døma Tankarne hans!
2 Den Eine heve Tru til aa eta alle Slag; men den Veike et berre Urter.
3 Den, som et, mismæte ikkje den; som ikkje et; og den, som ikkje et, døme ikkje den, som et; for Gud heve vedteket honom.
4 Kven er du, som dømer ein framand Dreng? Han stend elder fell fyre sin eigen Herre; men han skal verta standande; for Gud er megtug til aa halda honom uppe.
5 Den Eine held ein Dag hæv framfyre ein annan; den Andre held alle Dagar like; kvar vere fullviss i sin eigen Hug!