Side:Nye testamente (1889).djvu/331

Denne siden er korrekturlest


6 Den, som mæter Dagen, gjerer det fyre Herren; og den som ikkje mæter Dagen, gjerer det fyre Herren. Den, som et, gjerer det fyre Herren, for han takkar Gud; og den, som ikkje et, gjerer det fyre Herren og takkar Gud.
7 For Ingen av oss liver fyre seg sjølv, og Ingen døyr fyre seg sjølv;
8 for um me liva, so liva me fyre Herren, og um me døy, so døy me fyre Herren; so anten me liva elder dø, høyra me Herren til.
9 For dertil døydde Kristus og stod upp og vart livande atter, at han skulde vera Herre baade yver Daude og Livande.
10 Men du, kvi dømer du Broder din? elder du, kvi mismæter du Broder din? for me skulo alle verta framførde fyre Kristi Domstol.
11 For det er skrivet: „So sannt som eg liver, segjer Herren, so skal kvart Kne bøygjast fyre meg, og kvar Tunga skal lova Gud.“
12 So skal daa kvar og ein av oss gjera Gud Rekneskap fyre seg sjølv.
13 Difyre, lat oss ikkje lenger døma kvarandre, men døme helder so, at de ikkje maa leggja Støyt elder Avstygging fyre Broder dykkar!
14 Eg veit og er viss paa det i Herren Jesus, at ingen Ting er urein i seg sjølv; men fyre den; som held Nokot fyre ureint, fyre honom er det ureint.
15 Men dersom Broder din vert harmad ved din Mat, so fer du ikkje lenger fram i Kjærleike. Fortjona ikkje ved din Mat den; som Kristus er daud fyre!
16 Lat daa ikkje Eignaluten dykkar verta spottad!
17 For Guds Rike er ikkje Eting og Drikking, men Rettferd, Fred og Gleda i den Heilage Ande.
18 For den, som tener Kristus deri, han er vellikad av Gud og godkjend av Menneskjom.
19 Lat oss difyre traa etter det, som tener til Fred og Uppbygging innbyrdes!
20 Riv ikkje Guds Verk ned fyre Mats Skuld! Alt er vel reint, men det er vondt fyre den Menneskja, som et med Samvitsstøyt.
21 Det er godt aa ikkje eta Kjøt elder drikka Vin elder gjera Nokot; som Broder din støytest elder styggjest elder vanstyrkjest ved.
22 Du heve Tru; hav henne hjaa deg sjølv fyre Gud! Sæl er den, om ikkje dømer seg sjølv i det, som han finn fyre godt.
23 Men den Tvilande — dersom han et, so er han fordømd, fyredi det ikkje er gjort