til det: „Heretter skal det ikkje
veksa Alde paa deg i all Æva!"
Og strakst visnade Treet. —
20 Og daa Læresveinarne saag
det, undrade dei seg og sagde:
„Korleides visnade Fikentreet
strakst?"
21 Men Jesus svarade og
sagde til deim: „Sannelege segjer
eg dykker: Dersom de hava Tru
og ikkje tvila, daa skulo de ikkje
berre kunna gjera dette med
Fikentreet, men um de og segja til
dette Berget: Lyft deg upp og
kasta deg i Havet, skal det ganga fo.
22 Og alt det, som de beda
um i Bøni, berre tru, so skulo de
faa det."
23 Og daa han kom i Templet,
gjekk Øvsteprestarne og dei Eldste
fyre Folket til honom, medan han
lærde, og dei sagde: „Av kvat
Magt gjerer du dette, og kven gav
deg denne Magti?"
24 Men Jesus sagde til deim :
„Eg vil og spyrja dykker um ein
Ting; dersom de segja meg det, so
skal eg segja dykker, av kvat Magt
eg gjerer dette.
25 Johannes’ Daup, kvar var
den ifraa? av Himmelen? elder
av Menneskjor?" Men dei tenkte
med seg sjølve og sagde: „Um me
segja: Av Himmelen, daa vil han
segja til oss: Kvi trudde de honom
daa ikkje?
26 Men segja me: Av
Menneskjor, so ero me redde fyre Folket;
for allesaman halda Johannes fyre
ein Profet."
27 Og dei svarade Jesus og
sagde: „Me vita det ikkje". Og
han sagde til deim: „So segjer
helder ikkje eg dykker, av kvat
Magt eg gjerer dette.
28 Men kvat tykkja de? det
var ein Mann, som hadde tvo
Søner, og han gjekk til den fyrste
og fagde: Son, gakk og arbeid i
Dag i Vingarden min!
29 Men han svarade og sagde :
Eg vil ikkje; men sidan angrade
han det og gjekk.
30 Og han gjekk til den andre
og sagde litaeins. Men han svarede
og sagde: Herre, eg vil, og han
gjekk ikkje.
31 Kven av dei tvo gjorde
sin Faders Vilje?" Dei segja til
honom: „Den fyrste". Jesus segjer
til deim: „Sannelege segjer eg
dykker, at Tollmennerne og
Skjøkjorna ganga fyre dykker inn i
Guds Rike.
32 For Johannes kom til
dykker paa Rettferds Veg, og de
trudde honom ikkje; Tollmennerne
og Skjøkjorna trudde honom; men
endaa de saag det, angrade de
ikkje paa det sidan, so de kunde
trutt honom.
33 Høyre no ein annan Liknad:
Det var ei Menneskja, som var
Husbonde; han plantade ein
Vingard og sette Gjerde umkring
honom og grov ei Vinpersa i
honom og bygde eit Taarn og
leigde honom burt til
Vingardsmenner og foor utanlands.
34 Men daa det leid til