50 Men Jesus sagde til
honom: „Kjere. kvat er du her
fyre?" Daa kom dei fram og
lagde Hand paa lefus og greip
honom.
51 Og sjaa, ein av deim,
som var med Jesus, rette Handi
ut og drog sitt Sverd og slog til
Tenaren aat Øvstepresten og hogg
av honom Øyrat.
52 Daa segjer Jesus til
honom: „Stikk Sverdet ditt i
Slidra ! for alle dei, som taka til
Sverd, skulo falla fyre Sverd.
53 Elder tenkjer du, at eg
ikkje strakst kunde bede min Fader,
og han vilde senda meg meir enn
tolv Legionar Englar?
54 Korleides skulde daa
Skrifterna ver ta uppfyllte, at soleides
skal det ganga til?"
55 Men i den Timen sagde
Jesus til Folket: „Likasom mot
ein Røvar ero de utgjengne med
Sverd og Stavar og vilja fanga
meg. Daglege sat eg hjaa dykker
og lærde i Templet, og de greip
meg ikkje.
56 Men dette heve altfaman
hendt, at Skrifterna av Profetom
skulde verta uppfyllte. Daa gjekk
alle Læresveinarne fraa honom og
flydde.
57 Men dei, som hadde
gripet Jesus, førde honom til
Øvstepresten Kaifas, der dei
Skriftlærde og Eldste var komne saman.
58 Men Petrus fylgde honom
langt attanfyre inn paa Garden
til Øvstepresten. Og han gjekk inn
og sette seg i Lag med Tenarom
til aa sjaa Endelykti.
59 Men Øvsteprestarne og
dei Eldste og heile Raadet førte
falske Vitnemaal imot Jesus, so
at dei kunde døyda honom.
60 Og dei fann Inkje; og
enndaa det kom fram mange falske
Vitne, so fann dei Inkje. Men
tilsist kom der fram tvo falske
Vitne
61 og sagde: „Han heve
sagt: Eg kann riva ned Guds
Tempel og byggja det upp atter
paa tri Dagar."
62 Og Øvstepresten stod upp
og sagde til honom : „Svarar du
Inkje? Kvat vitna desse imot
deg?"
63 Men Jesus tagde. Og
Øvstepresten svarade og sagde til
honom: „Eg tek deg i Eid ved
den livande Gud, at du segjer,
um du er Kristus Guds Son!"
64 Jesus segjer til honom:
Du sagde det. Men eg segjer
dykker, at heretter skulo de sjaa
Menneskjesonen sitjande ved høgre
Handi aat Krafti og komande i
Himmelskyom."
65 Daa reiv Øvstepresten
Klede sine sunder og sagde : „Han
spottade ! Kvat trenga me no meir
til Vitne? Sjaa, no hava de høyrt
hans Spotting!
66 Kvat tykkja de?" Men
dei svarade og sagde: „Han er
skyldig til Dauden."
67 Daa sputtade dei honom
i Andlitet og slog honom med
Side:Nye testamente (1889).djvu/56
Denne siden er korrekturlest