Templet rivnade i tvo fraa øvst
til nedst.
52 Og Jordi skalv og Bergi
rivnade, og Graverna opnade seg,
og mange Likamer av dei avlidne
Heilage stod upp.
53 Og dei gjekk ut or Gravom
etter hans Uppstoda og gjekk inn
i den heilage Byen og vart
synlege fyre Mange.
54 Men daa Hovudsmannen
og dei, som med honom heldt Vakt
yver Jesus, saag Jordskjelven og
det, som hende seg, vart dei ovlege
redde og sagde : „Sannelege, denne
var Guds Son!"
55 Men der var mange
Kvinnor der, som stod langt ifraa og
saag paa, dei som hadde fylgt Jesus
ifraa Galilea og tent honom.
55 Imillom deim var Maria
Magdalena, og Maria Jakobs og
Jose Moder, og Moder til
Sebedeus’ Sønerne.
57 Men daa det vart Kveld,
kom ein rik Mann ifraa Arimatea,
ved Namn Josef, som og sjølv
hadde voret ein L…resvein hjaa
Jesus.
58 Denne gjekk til Pilatus
og bad um Jesu Likam; daa baud
Pilatus aa giva honom Likamen.
59 Og Josef tok Likamen og
sveipte honom i eit reint Linklede.
60 Og han lagde honom i
den nye Gravi si, som han hadde
hogget ut i Berget; og daa han
hadde velt ein stor Stein fyre
Dyrri til Gravi, gjekk han burt.
61 Men der var Maria
Magdalena og den andre Maria
sitjande framfyre Gravi.
62 Men Dagen etter, som er
etter Tilreidningsdagen, kom
Øvsteprestarne og Farifearne saman til
Pilatus,
63 og sagde: „Herre, me
minnast, at medan denna
Ranglæraren livde, sagde han: Um tri
Dagar stend eg upp.
64 Giv difyre Paabod, at
Gravi maa verta vel vaktad til
den tridje Dagen, at ikkje
Læresveinarne hans skulo koma um
Natti og stela honom burt og segja
til Folket: han er uppstaden ifraa
dei Daude, og den siste Ranglæra
verta skal verre enn den fyrste."
65 Men Pilatus sagde til
deim: „Der hava de Vakt; gange
avstad og vakte Gravi, som de
synast."
67 Men dei gjekk avstad og
vaktade paa Gravi vel med Vakt,
etter at dei hadde sett Innsigle
paa Steinen.
1 Men daa Kviledagen var
avliden, og det var i Lysingi til den
fyrste Dag i Vika, kom Maria
Magdalena og den andre Maria
og vilde sjaa til Gravi.
2 Og sjaa, der vart ein stor
Jordskjelv. For Herrens Engel
steig ned ifraa Himmelen og kom
og velte Steinen ifraa Dyrri og
sette seg paa honom.
3 Men hans Aasyn var som Ljon
og hans Klednad kvit som Snjo.