Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/5

Denne siden er korrekturlest


Kjære bondeman!
Korfor skriv vi landsens mål? og korleids læs vi det?

Det er eit gamalt ord, som segjer, at „det er stygt å høyre dølen danske“; og dølen sjølv tykkjer det han og; for her har han nokod betre, nemleg sin levande norske tale, å halde danskingja si ihop med. Men det er og stygt å høyre dølen læsa dansk istadenfor norsk, om æn ikkje dølen sjølv tykkjer dette; for her har han slet ikkje det slag å halde ihop denne læsningja si med, sidan fæderne våre i ei låk, somnot og ufri tid lagde så reint av både å læsa den norske bokavlen sin og likså sjølv lagde av å skrive på landsens mål; sjå, defor er det, at vi i vår tid har som folk aldeles gløymt av både å skrive og å læsa dette vårt rette modermål. Ja bonden er komed så i vane med den uvanen å danske, når han læs og skriv, at han ænog ofte ser seg arg på sit eigjed mål, når det lægges fram for honom i skrift og bok! Men det er mesta det styggaste å høyre dølen tru, at dansken, han læs i bokom sine, er norsk; for dette vitnar om ei grøteleg sløheit og syndsamleg godtruenheit hos honom.

Bet er elles først i dei seinare årtiom, at by- og embetsfolk fik det så ansamt med å kalle by- og bokmålet norsk og sætte in i bonden den trua. Men det er då synd å kalle det norsk, som Gud og kvar man så vel veit, er dansk; og tul må det væra, som vonar med slik ei skrøne å lyge landsens eigjed mål bort ifrå det høgsæte, som dette no er på god veg til å sætte seg op i!