Denne siden er korrekturlest
met sit i rikje ɔ: løftes eller og løfter seg sjølv fram i dette romet.
- Når du no læs norsk, skal du i regelen ikkje læsa med ein d, som ender ei rotstavelse eller ei endestavelse. Læs: me(d), nau(d), ran(d), såra(d), dau(d)en osv.
- Likeins er det i regelen med t, når han ender ei endestavelse. Læs: de(t), ophave(t) osv.
- Læs altid gj som j t. d.: se(g)jer, signin(g)ja, ei(g) je(d).
- Læs æ som i dei tilsvarande ordom i svensk og dansk (og norskdansk) t. d.: mænner, væra, bæra, tænkje. Some målmænner stava alle ord med e, når dei i si rot har a; men eg følgjer her den same sædvanen som dei tyske, danske og svenske.
- I sågodtsom alle mål i evropa og amerika har g og
k to uttalemåtar, ein hard og ein mjuk. Romanfolkja
merkje ut (med u etter), når g og k (ɔ: c og
q) skal læsas hardt førre mjuk sjølvlyd; for dei
næmne g og c med mjuk uttale, når dei læs abc,
og træng ikkje nokod atåtmerkje då. Gjeirmanfolkja
næmne derimot g og k med hard uttale, når
dei læs abc, og skulde defor merkje ut, når dei
skal læsas mjukt ɔ: som gj og kj; for også hos
fleire av desse er dette tilfællet, når g og k står tet
førre ein mjuk lyd: e, ei, i, y, æ, ø og øy. Men
gjeirmanfolkja bruke ikkje stort denne utmerkingja.
Dei danske og vi gjer det, når g og k står førre e
(lei ikkje førre ei!) hellerikkje førre i og den græske
i (y), men atter førre æ og ø (lel ikkje førre øy!)
Some vil no heilt halde op med å skrive j etter mjuk g og k, og med di auke vanden, som folk alt har med denne misvisande stavemåten. Some vil