Side:OJ Høyems bondehjelpar.djvu/9

Denne siden er korrekturlest

ha det, som det er, nemleg til halvtan ret, til halvtan rangt. Some vil take stiget fult ut og syne den mjuke g og k med ein atåtsæt j førre alle dei mjuke lyd. Dette gjer no eg i bokorn mine; eg stavar t. d.: gjerne, gjeit, gjive, gjyne, gjæte, gjøle, gjøyme; kjem, kjeip, kjike, kjysse, kjæle, kjøle, kjøyre osv. Og slik vil alle, som skriv landsmålet, ha os til å læsa desse to bokstavarne førre dei mjuke sjølvlyd. Råker du defor på landsmålsbøker, som har denne misvisande stavemåten med gei, gi, gy, gøy og kei, ki osv., så må du sjå til å segje gj og kj lel, om bokja æn syner deg: gypling, gildre, kiv, kys, keip osv.

  • Ret deg etter den uttalen, som du dagleg høyrer, ordet har i bygdamålet dit, såframt at du er i tvilsmål om uttalen av eit eller annad ordet i bokom.
  • Bind deg aldri for hardt til bokstavom; men let det, du høyrer, leide deg på ret veg. Dersom du kan læsa dansk på norsk måte, då er det berre om god vilje og om eit lited tiltak å gjera, så lærer du deg mykjed snart til å læsa norsk. Kjære, man deg op! Skulen gjorde ikkje si skjylda imot deg og gjer ænno ikkje så imot bornom dine; defor kan korkje du eller desse læsa norsk. Sjå då til, så skulen snart kan koma til å gjera det, han skal, i målvegen!