Side:Per Sivle - Sogor.djvu/107

Denne siden er godkjent
IV.

Eg hadde ein ven som budde beint yver gata ifraa „Mangels-gaarden“ dei kallar — dit dei fatige i Kristiania dreg seg stad bankar paa naar alle andre dører er stengde —.

Hjaa denne venen min hadde eg vore uppe ein grusjen november-dag, daa eg gaadde, med same eg steig utatt gjenom gatedøri, eit kvinnfolke-likan med andlitet i henderne, som sat ihopkrøkt paa kalde steintroppi.

Eg feta fyrst framum, men snudde og spurde kva som vanta.

Ho lest inkjevetta gaa.

So gjekk eg tettare innaat, og spurde uppatt.

Daa lyfte ho hovudet tungt og saag upp.

— Men augo hennar, som eg i den stundi hadde dei vidopne der straks framfyre meg, blenkjande, ikkje i taare-gidr, men med ein blaagraa kald-glitr som naar vatn haustdags tek til aa stinkla av frosten, — — det var atter denne kjøvande kjensla av hjelpelaus dei dirra meg inn fyre bringa.

„Eg — — er — — sjuk,“ høste ho, „hev lege — — ute i natt — — — — ikkje smaka — — biten i dag.“

Kvar det var ho høyrde heime eller etla seg stad?

Ho peika burt imot „Mangels-gaarden“. „Men so fekk eg — — so vondt — — so vondt.“

— Ja, eg hadde kje betre triva til eg, enn taka arme kjerringi og halvt stydja henne yver gata.

Eg ringde; og der kom ein kar lét upp. Eg skunda meg stinga henne ein tolvskilling i neven.