Side:Per Sivle - Sogor.djvu/19

Denne siden er godkjent

eg det. Men daa han riste pengarne ut i handi si var det vandelaust sjaa, at der var triskillingen ikkje imillom.

So burte i skrinet hans daa! upp i lædiken! — Den som no berre kunde faa tak i lykelen!

— Han gjekk allstødt klædd i ein sid blaa frakk, gjorde skulerneisteren, og eg visste fraa fyrr at han pla hava den lykelen i ei liti baklumma utanpaa eine flaket; det var endaa klaff med ein knapp i nedyver.

Jau, daa han so sat fekk seg nonsmaten sin og me tvo var aaleine inne, der vart eg stird at frakken hans hekk so framifraa lagleg ned attanfyre benken.

Det saud meg fyre øyro, det slo trummeslag i brjostet, og eg kjende som nykte og stakk det meg i fingertupparne. — Det fekk ikkje hjelpa, eg laut freista!

Gjekk eg der daa att og fram, sulla og tralla og lest som inkjevetta, krabba paa golvet med leikorne mine, — til eg smaatt um senn var komen stad, dit eg vilde. — Men ja menn kipte eg baade ein og tvo gongjer handi til meg att, som hadde eg brent meg paa den lumma. — Endeleg so var daa knappen løyst; — — stilt — stilt med tvo fingrar nedi, — — — og der kjem litle lykelen upp og er gøymd i knytteneven min, — utan at skulemeisteren hadde merka dusti. — — At han daa ikkje kunde eingong faa ete ifraa seg! — nei, aa nei, so eg stunda! Eg talde bitarne i han, og dei vart mange, og syrgjeleg seint gjekk det. — So var han seint og sidan reidug daa. Men so var det denne fille pipa! — han bles, og han kara ut, han kara ut, og han bles