Side:Per Sivle - Sogor.djvu/21

Denne siden er godkjent

ganga lurra for seg sjølv inne i huset for ei stund sidan; — og so var det no dette, at han var av tjuveslag og, maavita. — Jau, der kjem faren sendande; for ho Anna hadde sprunge stad sagt det, ho. — Aa du, aa du for lyvjing og gauling! Han hadde sagte slege stakaren reint helselaus, hadde ikkje skulemeisteren lagt seg imillom. „For fyrr vil eg sjaa han liggja daud paa flekken framfyre meg, fyrr han skal enda i graatrøya som morfar hans gjorde!“ skreik han.

Eg kjende ei pina der eg stod so det var som brann det under føterne mine. Han vesle Jens, armingen — eg visste ikkje alt det gode, eg vilde gjera honom, no etterpaa; eg stakk til honom sukkerbitar og leikor, og freista trøysta honom alt det eg vann. Men daa han tusla heimatt kunde eg endaa lang veg attende høyra kor hjartevondt han hiksta og gret der han gjekk.

— Medan dette stod paa var ho Olina, tenestgjenta, inne i nystova og reidde upp sengi; ja menn laag so triskillingen der paa sengjetilet. — Glad vart eg, det skal vera visst!

Men samstundes vart og samvitet vake so det forslo. Eg hadde no elles ikkje for vis vera so beinkesam just; men det var reint umfram som eg den kvelden stod paa naaler for gamle skulemeisteren. Pipa laut han lata meg blaasa ut, stappa og kveikja alt i eitt, so eg paa seinsten heldt paa brjota meg av all den tobakssmaken. — Og blekkhuset hans — ein ervelut etter gamle provsten Koren — tigga eg meg lov til aa reinska. Annsam som eg var slepte eg no det ned so det rauk i bitar. Men det var daa likevel alt saman so utifraa vel meint.