Side:Per Sivle - Sogor.djvu/58

Denne siden er godkjent

maatte hjelpa meg; so skulde eg verta so snild gut! — aa, so snild, so snild!

„Far!“ sa eg, so smeikjande eg kunde, daa eg dagen etter kom ned paa aakeren til han.

„No daa?“

„Far ... kunde ikkje du kjøpa hunden um maandagen?“

Han stod eit lite bil og kaldgrein burt til meg, med eine munnviki uppdregi.

„Jau eg skulde det! Det er ikkje nok med det du sjølv aaret rundt kostar meg i føda og klæde, eg skulde halda hund aat deg og tykkjer du?“

„Men ... men .. eg skulde vera so lydug ... og so trottig til aa arbeida ...!“

„Eg raader deg til du held upp med det riktet medan tidi er god, gut“ tok han i med eit maalfelle som eg meir enn vel kjende.

Inkje ordet mælte eg vidare, labba meg berre uppyver og heim.

— So var daa endeleg maandagen komen og med den lensmannen, og av bygdefolk so mange at stova var full mest.

Han Hall stod bunden etter eit tog burte ved omnen. Han lét dei stella med seg som dei vilde, armingen.

Det varde til framyver non fyrr det vart uppropa det som etter engelsmannen var. Byrsa vart seld, so klædeplaggi og dei tvo kistorne.

„Ja,“ ropa lensmannen endeleg, „so hev me her ein hund, som endaa til kann ganga for baade bamse og skrubb. — Gjer bod!“

„Ei ort for skinnet til styvels-leggjer!“ skreik han Lars Lunde.