Side:Per Sivle - Sogor.djvu/62

Denne siden er godkjent

kande seg, dilla med vesle spælen sin og kravde etter einkvar godbiten.

— Det lét so det var nok alt anna enn trygt for udyr uppe i marki den hausten. Fraa grannegrendi fekk me soleis høyra dei hadde funne tvo lamb og ei vaksi geit sundrivne og halvt uppetne seinste vika.

Eg vart illhuga for lambungen min straks eg fekk vita, dette, so mykje meir som han gjerne hadde for vane, so som ale-lamb plar, aa halda seg for seg sjølv noko ute fraa dotten; eg lova meg paa at dagen etter skulde han verta innsett.

Og eg hadde kje ottast for inkje noko; for endaa same kvelden fram imot myrkningi kom saueflokken setjande heim i slik ei vitlaus rædsla, som han skulde vera skræmd av bamsen sjølv.

Men vesle vêren min var ikkje med.

Eg gjekk med bivrande hjarta og leita dotten yver tridje gongen, daa han Ola, lauskaren, som hadde vore uppe i marki og hogge famneved um dagen, kom kluftande nedetter, med augo i haargarden.

„Jau,“ skreik han, „no hev eg daa endeleg fenge syn for kva udyr det er! Er det ikkje denne helvites hunden etter engelsmannen kanskje!“

„Han Hall? — Det er daa ikkje raad!“

„Ja ja, gakk berre upp under Kvitaberg, du far min, so fær du sjaa! Vil du finna lambet ditt, so ligg det der so daudt det verta kann, og so sundrive at det er grøtelegt! — Det var ikkje meir enn som so han vilde røma for øksi, trollet, som han stod der yver det og grein mot meg daa eg kom springande til!“