Side:Per Sivle - Sogor.djvu/7

Denne siden er godkjent
EIN TRISKILLING
I.
S

oga som eg no vil fortelja kjem til aa krinsa um ein triskilling. Men skulde nokon finna at soga vert for lang etter ein krins so vesall, so fær han hugsa, at um triskillingen var liten, so var han daa rund; og i slik ei runda kann snaapaste foten springa lenge fyrr han stend skorfast.

— Paa lag ein halv fjordungs veg fraa heimen min ligg det ein gard dei kallar Vindheim; der hev det vore skytsskifte mange manneminne nedigjenom. Garden er vidgjeten nok, skulde eg tru — som no inkje under er; for utsyn so villt og stort som der kann snaudt nok annan bustad i Norig bjoda maken til. — Dei hev bygt eit stort, grust hotel der, no — uppe paa haugen der potet-aakren hennar Lars-Brita laag i gamle dagar.

Det er — lat meg sjaa — tjuge aar sidan; for no er eg ni og tjuge, og den tid var eg berre godt og vel dei nie.

So var det daa ein dagen fram paa sumaren — eg hugsar ikkje tidi næmare, og det kann no og vera det same. Visst er det, det var blenkjande