Side:Per Sivle - Sogor.djvu/70

Denne siden er godkjent


Det var med naudi han fekk maalet upp til eit vesalt „goddag“. So vart han standande burte i peiskraai utan aa segja eit ord; medan ho mor dreiv paa kirna.

„No hev eg aldri set fantegut bljug fyrr,“ sa ho stillvore.

So fillut ei menneskja hev eg ikkje skoda korkje fyrr eller sidan. Det var som eine traven berre slo etter den andre nedyver heile hans likam. Det skein jamvel inn paa skinnet sume stader, og paa føterne hadde han kje anna enn leistar som botnen var sliten utor, so ein saag vaate faret etter tærne hans der han hadde stige paa golvet.

„Er du ute bed deg?“ spurde ho mor endeleg.

Jau, det var nok so.

„Er du aaleine?“

„Nei, ho mor og systkeni mine — — og so han Anton gjekk framum nede paa vegen, dei.“

Kven han Anton var.

Aa det var — — far hans, det.

„Ja, eg fær vel finna deg litevetta i posen din daa,“ sa ho. „No kann du hjelpa han Per, du, aa kirna, so gjeng eg stad ser til kui med same.

„Kva heiter du?“ spurde eg.

„Eg heiter Nils.“

„Nei, høyr no, Nils,“ sa eg, „no skal me nøyta oss so me fær smør til ho mor kjem inn att; for daa kann du tru det vankar kirnebite som duger!“

Ja, det var han straks med paa. Eg heldt kirna, og han bruka krossen so rjomen berre dura og saud.

Men anten no eg var for slepphendt, eller han la for stort eit evle i, — nok er det, me visste