Side:Per Sivle - Sogor.djvu/76

Denne siden er godkjent

burte paa Seim var leigd til skulehus. — Det er endaa ei heil soga um dette og; men ho fær no vera denne gongen.

Skulemeisteren spurde kor det vart med han Nils, — um eg ikkje hadde høyrt han skulde til aa ganga i skulen; for det var daa vel ikkje meiningi han skulde veksa seg til heidning heller. — Det var han far som var tilsynsmann der i skulekrinsen.

Nei eg kunde inkjevetta segja ifraa um dette, eg.

— Men same kvelden rusla skulemeisteren uppetter til Harkahaugen; og eg fylgde honom.

— Aa — han Anton — det var liti botevon hava i skule ein sovoren ein som han Nils. Dei hadde endaa stræva det dei kunde, baade faren og mori, prenta i honom kunnskap og kristendom. Men det var som aa slaa vatn paa gaasi det, vilde han segja.

Men skulemeisteren dreiv paa sitt, tok paa seinsten til aa orda ut um logbrot. Og daa gav tateren seg straks.

— Den som vart glad, det var han Nils. Han visste seg ikkje høgre ynskje enn koma i skulen og læra; men no hadde det i yver tri aar ikkje vore raad.

Det skipa seg so heime at eg fekk lov gjeva honom nokre av gamle plaggi mine til skuleklæde; det var reint høgtidsbunad for honom det, endaa noko smaavorne var dei. — Det vart og snakka soleis, at eg skulde hava skulemat med til oss baae tvo.

— Fyrste morgonen hans i skulen sessa han seg ytst paa benken nede ved døri. Men daa lesetimen kom, og ingen annan vilde lata honom sjaa med seg i boki, fekk han plassen sin uppe ved meg. Bøker