Side:Per Sivle - Sogor.djvu/80

Denne siden er godkjent

kvart beinet i hans forbanna kropp — — den — — den devels rakkaren!“ skreik guten, flaug upp, tvibykste i galden og knytte dei dirrande nevarne so det kvitna um kvar knuven.

Eg vart reint fælen eg, og vara meg vel spyrja meir etter.

— „Fekk han Anton vita at eg hev fortalt dette, so slo han meg daud,“ sa han daa han sidan hadde logna seg og me gjekk saman burtetter vegen.

„Du veit du kann lita paa meg som paa deg sjølv, Nils,“ svara eg og gav han handi til velliva burte ved vegskilet.

III.

Det var nok so at venskapen millom oss tvo gutarne etter kvart hadde tvinna seg traustare og traustare.

— Og likevel gaadde eg, som det leid, at ei kjensla av anna slag steig fram i hugen min.

Eg kjende henne fyrstundes berre som ein vesall flugestyng, som eg hadde kje bo bry meg det slag um.

— Men denne flugestyngen bolna til ein svull og opna seg til eit saar, som eg enno hev mein av.

Ja, for æresjuk var eg so det forslo. Og eg var aldri van anna enn vera so reint utan tvika den likaste av skuleborni, baade i næme og i kunnskap; eg fæler det endaa var kome til at eg tok dette, paa lag som ein serrett.

Men no var det noko ovmodet mitt fekk teven av, og som eg umsider ikkje lenger kunde dylja for meg sjølv, at han Nils var i minsto likso gløgg og hugsen som eg.