Side:Per Sivle - Sogor.djvu/86

Denne siden er godkjent


So tok eg paa bruka kjeften.

Og eg skal ikkje tru eg heldt att korkje med lortelukti av klædi eller lusi paa halskluten.

„Du segjer du vil berga deg meg forutan heretter?“ skreik eg. „So riv av deg plaggi dine daa; for av meg hev du fenge deim, endaa til skjorta, — og gakk naken heimatt til hytta der uppe paa Harkahaugen, landlauparen du er!“

— Der kom skulemeisteren.

„Ja, du Per ser ut!“ sa han.

„Ja, det hev han tateren der gjort, det!“ svara eg. „Eg baud han mat med meg som eg plar, — og so flaug han paa meg.“

„Gakk din veg!“ skar skulemeisteren i til han Nils, „og lat meg aldri sjaa deg fyre augo meir!“

Gutarne hadde slept han, armingen, han kom seg seinleg paa fot, tok luva si i handi og sjangla burtetter vegen, bøygd i ryggen og med lutande hovud.

— Daa kasta eg meg gruve ned, og gret og tuta og tuta og gret. — Dei trudde eg var galen, dei som stod i kring um. Dei saag ikkje korleis det var barnet i meg som laag meinbrote og hiksta utanfyre stengde døri si eigi.

* * *

Etter den dagen saag me lite til han Nils der i grendi. Men me høyrde segja at han gjekk um med posen i den hi sokni.

* * *

So høvde det um eit bil at han Anton var i arbeid burte paa Seim.