Side:Per Sivle - Sogor.djvu/97

Denne siden er godkjent


Men samstundes seig det meg tyngre og tyngre inn paa hugen, kor forfælande det vilde vera um det likevel paa seinsten skulde syna seg, at presten og dei hine hadde rett.

Daa spurdest i bygdi atterdaapen hans Torbjørn Hauge. — Og dette auka elden under traai mi eigi. Det vart ikkje onnor raad, eg laut lata staa til, eg og.

Kunde eg berre faa einkvar kjenningen min med! — eg vilde liksom vera meir ankelaus daa, totte eg.

Um eg no freista gjera røynsla med han Sjur-Ola.

— Han hadde vakse seg baade stor og sterk han Ola, hadde vissa i dei tvo seinste aari reint vunne munen fyre meg. Eldende braasinna var han naar noko bar imot, og det bata aldri taka han med trumf; men med finleik og fyretola kunde eg jamnast faa han litug som ein sau.

— Og som me so ein dagen raakast, tok eg til aa styra røda inn paa ævelengdi sine leider.

„Du,“ sa eg, „nede i helvite der maa vera øgjelegt der.“

Ja, det høyrdest so, svara han.

„Berre me endaa slapp koma der, eg og du, Ola!“

Ja, han vilde daa vona det.

Men um det no var sanningi dette som atterdøyparen sa? — so ja menn kunde det knipa for nokon kvar. — Og eg so til etter desse bøkerne leggja ut um barnedaap og atterdaap.

Det var sjaaande kor han meir og meir vart ættvill.

Ja, so kom det eit motmæle svivande honom paa tunga.