Denne siden er korrekturlest
Med sukk og graat
Og klagelaat.
Eg fram for Gud skal treda.
Eg høyrer Guds livsæle røyst,
Hans born til trøyst,
Fraa høge himmel tona:
Eg kjem, eg kjem i sky med hast!
Hald berre fast,
So ingen tek di krona!
Mi brud, deg gled,
Mi løn er med.
Du som var tru,
Hjaa Gud skal bu
Og gledjast for hans trona.
Den nye himmel, nye jord,
Det er Guds ord,
Vert skapt til Herrens æra.
Sjaa Gud hjaa oss sitt tjeld uppslær,
Han bur oss nær,
Og me hans folk skal vera.
Lat verdi daa
Til grunnar gaa,
Guds ord stend fast,
Det aldri brast,
Den bru skal brudi bera.
Daa Gud skal turka av mi kinn
All graaten min.