Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/38

Denne siden er ikke korrekturlest
XXXIV

Valdrisso for o høyre, um dei hadde vørte vare noko. Han va daa hølsvøltin, so at han raga, o ille bar han se me, baade før se sjøl o dei. Men de sto ki paa; Valdrissadn vøro alder matlause, o Lytmann fekk ogso Mette sin o kom att, fyste han vart svøltin. De hadde se soleine, at eins taa dei um Natte snerte se burti Bygdadn o tok se ein Sau ell ei Gjeit ell ein Øst ell einkort anna, som han bar me se att aat Bergskørenn te heno som heldo Vakt. So steikte dei o aato slekt dei hadde Hug paa.

Jau, seint o sia vart de daa Stillstand. I Nøri va de ’ki Kødn o faa; men i Sveri va de Nøygde. Dei Nørske skulde daa faa Løv o koma te ein Sta tett inna Lina o kjøpe se Kødn; men inki meir, en dei kunna bera me se att paa Ryggi; dei skulde inki hava Hest, o inki skulde de vera meir en tre o tre i Fulgie Men de va no inki morosamt o vaage se inni Lande te Svensko; de da paa ei Von, um ein kom heilskinna att. So vart de daa ettesport i heile Hæren, um de va nokon so hjartog, at han tørde gaa sta kjøpe Kødn. Valdrissadn fram i sama Rappe; men ingin an i heile Hæren tørde. Dei tryaa Valdrissadn, som hadde legi i Bergskørenn, sette i Vegen fyst me kor sin Sekk. Alder vart de sagt so myki som Straa ikrøss før dei, radt te dei komo tett innaat Sta’e. Der komo dei beint paa ein heil Hop me Svenska. Dei krulla se ikringo dei o ga se i Vegen ser dei, kalla dei Norbaggadn o banna o hundeleto dei me allo dei styggaste Svalle, som igjeno Kjaften kunna gaa. De va ovandt sjaa, at dei vilde taka desse Valdrissadn. Men de skulde talast te me Dragsmaal. So kom de fram ein Svenski; de va ein