Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/76

Denne siden er ikke korrekturlest
68

paa han. Daa da inkji va Raae skaft aa finne ho nokorstan, vøro dei nøygde te snu heimatt førutta Gjenta. Daa sprang ho burt te ein taa Granno o fekk Hus der um Natti. Um Morgo’n laga ho se te o dra heimatt te Følke sena. Sia løto dei elste Brødn hennar reise utattover ette Løn hennar o dei Duntrie, ho hadde attestandan der, ho hadde tent. Dei vøro kji viar um dæ, men dæ va ingjin an te di. Men dei slifte no baade Tøllknivadn o Smelleknivadn sine skjele rettele væl o fingo se endaa fat paa kor sin gjilde Uskepeis. Ha kji Frimauren hatt Vet te vare fin Gut o slegji se i Blimæle mæ dei, so ha han no faatt so mykji Juling, at han ikji ha fyst paa meir daa den Gonge, inkji. Men ha e vøre mæ, so skulde han ha faatt dæ lell. Um han ha vøre so bli so ei Smørøskje – ja, um han ha vøre so bli, at da ha drøpe baade Smør o Sukkervatne taa ho, sa skull me banka han so te Gagdns upp, han skulde alder ha vøre værre ute, sia han gjekk i Kjol o fekk Høgg hjaa Mor sena. Dæ ha kji faatt hjølt, um dei are Frimauradn i Lande ha kome paa uss; me ha faatt gjeve dei taa di, me ha hatt beste Raae paa me. Hellist so æ dæ no alti dæ tosknaste, ein kann gjera, aa erte ein Frimaur paa se, di dæ seiist, at dei era go fere drepa ein Mann berre dei skjeldre han ut o so taka ei Knappenaal o stikke hona igjøno Skjeldrerie beint neai vingstre Vortun. Ner dei bli ille paa ein, Frimauradn, skjeldre dei han ut o hengji Bilæte hass upp i Frimaursale, o no leve han kji lenger, en dei vilje.