Side:Segner fraa Bygdom IV.djvu/82

Denne siden er ikke korrekturlest
74
Eit o anna or Skulehistorien i Valdris.

I Sluttnae taa heno o i Fysstundis taa desse Aarhundre’e hadde Skula de heirsle traakint o trevale her paa desse Kanta. Dæ va gjednast ner Taksten, at dei glupaste Garmannssønidn skulde faa tene Kungensteniste si ve o vera Skulemeistara ei nokre Aar. Ress so dæ va so mange taa dei, so vilde bli Skulemeistara, at dæ skulde te veljast imylju dei, so va ein feit Ukse ell ein dugele Smørbutt eit greitt Brev paa, ko dei hadde lært, o ko dei dugde te. Den, so kom leiandis mæ feitaste Uksa ell berandis mæ degraste Smørbutte, hadde gjednast ner høgste Lærdomen. Dei, so gløymde atte sleka gaa Attesta heime, vørto heldne før o ha litevøre Lærdom o endaa mindre Vet o løto finne se i o danse paa Moen o gjifte se mæ henne „Lange-Mari“, ner dei vørto gamble nokk te di.

Dei Gutadn, so hadde vørte take te Skulemeistara, skulde fyst gaa i Lære hjaa Preste ei Heto. Ner han hadde Hug o Stunde te lære dei noko, vørto dei væl so flinke, so Tie kravde; men ner han hadde illa Tie – o dæ treste jamble – so lærde dei no alti kji meir, en dei hadde go Gang mæ passe paa.

Tvo Guta gjingo i Skulemeistarlære hjaa Preste seno. So høvde dæ so te, at den eine va ferm te snekkere o skjele høndog o før se paa mange Maata. So sto han i Prestegarde heile Veten o høvla o tælde; daa Vaaren kom, fløtte han ut, bordsydde Prestgardsbyggningen o la paa eit anna Tak. Daa dæ va gjort, va han taalærd. Den andre Guten va kji dæ minste høndog; han laut