Side:Symra (1863).djvu/13

Denne siden er korrekturlest

lette Fivreld’ yppa seg fraa Blom til Blom;
Fuglar sviva
upp med Song og rundt um Rusti driva.

 5. Kvar em lyder,
Liv og Ljod paa Viddom fram seg byder.
Lat oss ganga seint og sjaa oss vel i Kring:
Vegen er saa full av fagnadsame Ting.
Langa Stunder
treng eg til at sjaa paa desse Funder.

7. Sumarkvelden.

 1. Velkomen atter hit til vaara Grender
velkomen her, du sæle Sumarkveld,
med Lauv og Gras ut yver alla Strender
og gule Blomar i den grene Feld.
med lette Smaasky, lagd i langa Render
som Traadar i det høge Himmel-Tjeld,
og med den milde Ljosken, som seg breider
ut yver Fjell og Fjord paa alla Leider.

 2. Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.