Side:Symra (1863).djvu/36

Denne siden er korrekturlest

og kjem der so ein framand og rosar honom gildt,
so verd han so stolt, at han reint løyper villt.

 9. Kven kann so undrast paa, at det feller honom kjært
at læra slike Ting, som dei rike hava lært,
at drikka same Drykken og gjera same Skraal,
at bera same Klædnad og læra same Maal.

 10. Den Sida, som snur ut, er no den, som alle sjaa,
og det som er inn under, det ser no ingen paa.
Og sjaa me ut som Herrar, so faa me Herra-Rom,
so lenge til det syner, at Pungen han er tom.

20. Hugen til Rikdom.


(Tone: No er alt so godt og vel.)

 1. Var eg ung, og var eg rik,
so lærde eg vist at liva;
daa fekk eg vera ein Stormann lik
og stora Gaavor giva.
Daa fekk eg vida fara,
læra at inkje spara,
stødt giva ut forutan Sut,
so lenge som Pengarne vara.