Side:Tolstoi-boki.djvu/103

Denne siden er korrekturlest

no sjaa du gjer dine ting soleis, at du etterpaa kan sleppa aa gaa hengja med nebben. Tru du meg, det batar best. (Anisja vil gaa). Men kva eg vilde seia, lat for all ting ikkje Nikita faa vita noko. Han er reint ein styving naar det gjeld slike ting. Fær han høyra noko um pulveret, so er fanden laus. Ein kan aldri vita kva han kunne finna paa. Han er so mjuk um hjarta. Heime kunne me kje faa han til aa hogga hovudet av ei høne, desmeir. Ikkje ein knyst til han. Nei Vaarherre bevars! han forstend ingen ting av det heile .... (braateier, upskræmd av Peter som viser seg i døri til huset).

Peter (dreg seg med illo ut paa troppi, og ropar med veikt maal). Anisja! Akulina! Ein kan daa ikkje faa tak i nokon av dykk. Anisja daa, kven var det som kom? (sig ned paa benken som stend utfor døri.)

Anisja. Kva hev du no krope ut etter igjen? Kan du kje liggja iro der du er?

Peter. Er gjentungen gjengen etter Martha? .... Aa, kor det verkjer! .... Fekk eg daa berre snart ein ende paa det!

Anisja. Ho hev anna aa gjera; ho stend vaskar klæde ned med elvi. Gjev bidetol, og lat meg faa fraa meg husdunnet, so skal eg gaa sjølv.

Peter. Men so kunne du senda Anjutka daa. Kvar er ho? Aa du gode Gud kva eg maalida!

Anisja. Eg hev alt ropt paa ho.

Peter (styn). Aa .... Men kvar er ho daa?