Side:Tolstoi-boki.djvu/106

Denne siden er korrekturlest


Matrøna. Er det pengar elder slikt noko, kan du berre seia til.

Peter (til Anisja som er inne). Er Anjutka gjengi?

Matrøna (avsides) So! der kom han paa det att.

Anisja (i døri). Javisst er ho gjengi. Ho gjekk daa du bad henne. Vil du so ikkje inn? Eg skal hjelpa deg.

Peter. Nei lat meg helder faa sitja her dei par minutti eg hev att. Der er so kovte der inne. Aa kor eg verkjer!... Det brenn i meg .... Aa, vilde Vaarherre berre snart løysa upp for meg!

Matrøna. Ein andast no ikkje utan Vaarherre vil. Det er Gud som raader for liv og daude, Peter Ignatisch! So lenge der er liv er der von. Kor sjuk ein er, kan ein daa koma seg. Soleis var det ut i vaar grend ein bonde som laag paa sitt siste og skulde nett til aa slokna...

Peter. Nei, eg kjenner at eg døyr i denne dag. (styd seg att og bak og læt att augo).

Anisja (viser seg i døri). No? kjem du elder ei? Ein ventar og ventar. No, Peter, kor vert det so med deg?

Matrøna (gjeng tilside og vinkar til Anisja som kjem snøgt til. Stilt). Fann du pengarne?

Anisja (likeeins). Nei.

Matrøna. Men hev du no set væl etter? Ligg dei ikkje under golvet einstad?

Anisja. Nei der bid dei ikkje. Men um