Side:Tolstoi-boki.djvu/108

Denne siden er korrekturlest

ikkje gjera deg betre fyre med dine ting? Du veit daa at husbonden er sjuk og hev berre deg aa lita paa. Du lyt gjera ditt beste som var det aat far din. Her fær ein ikkje spara paa krefterne. Du veit kva eg hev sagt deg.

Peter. Nikita, kva eg vilde sagt... sjaa til aa faa poteterne inn i kjellaren. So kan kvinfolka... Aa jøye meg!... plukka fraa dei gode.

Anisja (som hev lydt væl etter; avsides). Nei du narrar meg ikkje paa den maaten. Det er berre for aa faa oss vekk. Han hev nok pengarne paa seg, og vil no vera aaleine so han kan faa gjøyma dei ein kvan stad.

Peter. Skundar de dykk ikkje, so... aa! ... so set det seg ilska i, fyrr me skal til aa leggja. Aa, eg kan ikkje meir! (prøver aa reisa seg).

Matrøna (gjeng og skal hjelpa han). Skal eg faa hjelpa deg inn i stova?

Peter. Ja gjer so. (stansar i døri). Nikita!

Nikita (sint). Kva er det?

Peter. Eg ser deg ikkje meir... Dauden erovermeg... Til giv meg i Jesu namn kva eg kan ha forbrote imot deg... i ord som i gjerning... det eine med det andre... tilgiv meg...

Nikita. Kva hev eg aa tilgi. Eg er sjølv ein syndar for Vaarherre.

Matrøna. Kjære sonen min, ver no ikkje so hard!