Side:Tolstoi-boki.djvu/110

Denne siden er korrekturlest


Nikita. Ver du trygg. Han gjøymer dei ikkje.

Anisja. Aa, Nikita! Han hev sendt bod etter systeri. Det er ho som skal ha dei. Kor skal so me tvo greia oss naar han gjev burt pengarne? Eg vert jaga fraa garden. Nei, du maa daa endeleg hjelpa meg til. Du sa at han igaar var inne i det vesle kammerset?

Nikita. Eg saag at han kom ut derifraa; men kva han gjorde der, det maa Vaarherre vita.

Anisja. Aa Herregud! Eg maa inn og sjaa etter, (vil gaa. Nikita dreg seg attende).

Matrøna (kjem varlegt ut gjenom døri og kviskrar). Nei gakk berre ingen stad. Han hev pengarne paa seg. Dei ligg paa bringa hans. Eg kjende sjølv at dei var der.

Anisja. Aa Herregud!

Matrøna. Knip du dei ikkje no, kan du bita deg i fingrane sidan. Fær han fyrst tala med syster si, kan du seia du hev set dei.

Anisja. Ja systeri er paa vegjer, og naar ho kjem, so fær ho dei. Aa, kva skal eg daa gjera mitt arme ting?

Matrøna. Kva du skal gjera? Det skal eg seia deg. Temaskina er i kok. Gakk so inn og lag teen istand, og ha i det som er i det vesle papiret. Hev han fyrst fenge ein kopp av det, so skrap du pengarne til deg. Du kan vera trygg; han seier det ikkje til nokon.

Anisja. Eg er so rædd.