Side:Tolstoi-boki.djvu/111

Denne siden er korrekturlest


Matrøna. Kom ikkje med slikt; men lat det gaa i ei fart. Eg skal nok gjæta paa systeri og hefta ho med prat um det trengst. Far no rett aat. Tak pengarne og kom her ut med dei, so skal Nikita gjøyma det aat deg.

Anisja. Aa Gud! Kva skal eg gjera...?

Matrøna. Gakk no, og gjer som eg seier. Nikita!

Nikita. (utan aa snu seg). No?

Matrøna. Stans her so lenge, so skal du faa ditt aa gjera.

Nikita. Desse kvinfolka, kva dei kan hitta paa! Dei gjer tilslutt hovudet skrullutt paa ein. Men dei um det. Det beste vert nok likevæl at eg gjeng av og ser kor det stend til med poteterne. (vil gaa).

Matrøna (tek han i handi). Eg seier du skal vera iro her.

(Anjutka kjem.)

Anisja. No, hev du vore til faster?

Anjutka. Ja, ho var hjaa dotter si. Ho kjem strakst.

Anisja. (til Matrøna). Ho kjem strakst.... kva gjer me so?

Matrøna. Du hev tid nok. Gjer berre som eg hev sagt.

Anisja. Eg veit korkje ut elder inn. Det gjeng rundt for meg. Anjutka! Gakk og sjaa til kalvarne, gjenta mi, so dei ikkje kjem paa viddi (Anjutka gjeng). — Nei, eg vaagar ikkje!