Side:Tolstoi-boki.djvu/112

Denne siden er korrekturlest


Matrøna. So gakk daa. Eg tenkjer temaskina hev kome av kok.

Anisja. Aa, eg arme menneskja! (gjeng).

Matrøna. (gjeng burt til sonen og set seg). Ja, far, no lyt me tvo tala litt um desse greiorne; for denne saki er ikkje so beint fram.

Nikita. Kva for ei sak?

Matrøna. Kor du skal stella deg med aa koma fram i verdi.

Nikita. Med aa koma fram? Eg tenkjer, naar andre greier seg, so skal eg med.

Matrøna. Kva meiner du no um gamlingen gjeng av og døyr idag?

Nikita. Døyr han, so fred vere med han.

Matrøna (ser heile tidi mod døri). Aa far! Gløym ikkje: «Ein sin død, ein annan sitt brød.» Her gjeld det aa bruka tankarne. Du skulde berre visst alt det mas eg hev havt for di skuld. Men so vonar eg daa at du ikkje gløymer meg, naar tidi kjem.

Nikita. Kva er det de hev det so travelt med?

Matrøna. Kva anna vel en di framtid. Kor ein best skal stella det for deg. Alting maa gjerast i tide, skal det verta noko. Du kjenner nok Ivan Moséitsch? Eg slepp inn der og. Eg var der her um dagen — det var noko lite det galdt — me kom i snakk, og so spurde eg han med det same. «Set no, Ivan Moséitsch,» seier eg, «at ein bonde som er enkjemann, gifter seg andre gongen og hev ikkje andre baan en tvo