Side:Tolstoi-boki.djvu/116

Denne siden er korrekturlest


Akulina (steller med klædi som ho hengjer upp til turking). Vaarherre veit det. Eg hev vore ned med elvi og vaska.

Martha (peikar paa Matrøna). Kven er det?

Matrøna (kjem burt til). Eg er mor til Nikita fraa Sujev. Godag, kone, kor den kjære bror din hev lengta etter deg. Han kom sjølv ut og sende dotter si avstad. «Lat syster mi koma,» sa han, «for ...» (braastansar og ser mot huset). Det skulde daa vel aldri vera forbi?

Anisja (kjem farande ut av huset med skrik og graat. Ho triv seg um dørstolpen so ho ikkje skal stupa). Aa eg arme kone! So drog han daa fraa meg! Ingen hev eg no meir aa gledjast ved. Einsleg skal eg enda mine dagar i sorg og taaror. Han hev slokna for ollo ....

(Aksinja, bondefolk og baan kjem inn. Aksinja og Matrøna tek Anisja under armarne og hjelper ho inn i huset. Akulina og Martha fylgjer etter).

Ein bondemann. Send bod etter likkona so dei kan vaska liket.

Matrøna. Eg tenkjer der er varmt vatn i omnen; elles kan ein taka litt av temaskina. (bretter upp ærmarne). No skal eg med hjelpa til.