Side:Tolstoi-boki.djvu/117

Denne siden er korrekturlest
Tridje vending.

(Uttstyret fraa fyrste vending. Millom andre og tridje vending er det gjenge ni maanader).

(Anisja. Simpelt klædd, sit og arbeider ved vevstolen. Anjutka ligg paa omnen. Mitritsch kjem varlegt inn og tek av seg trøya).

Mitritsch (sukkar). Gud naade oss! — Er daa husbond ikkje komen enno?

Anisja. Kva seier du?

Mitritsch. Er kje Nikita endaa komen heim att fraa byn?

Anisja. Nei.

Mitritsch. So hev han nok rett kome paa lesterne. Aa Herregud!

Anisja. Hev du so gjort fraa deg uppi løda?

Mitritsch. Ja det skulde eg tru. Alting er i si ordentlegheit. Eg bryr meg ikkje um aa tuvsa med det eg gjer. — Aa Herregud ! — Det var elles paa tid um han vende nasa heimatt no.

Anisja. Kvi skal han vel skunda seg med det? Han hev daa pengar i lumma og leikar seg godt med tauserne.....

Mitritsch. Ja det er sant; kvi skal ein ikkje ha moro, naar ein hev pengar i lumma? Kva skulde elles Akulina i byen?

Anisja. Det maa du nok spyrja um, kva fen ho vilde der.

Mitritsch. Ja det kan eg ikkje skyna, kva ho vilde der. Der er fullt upp av alt, naar ein berre hev aa betala med. Aa Herregud!