Side:Tolstoi-boki.djvu/119

Denne siden er korrekturlest


Anjutka (spring ned fraa omnen og tek paa seg). Strakst.

Aksinja. Og so hev han teke Akulina med?

Anisja. Ja, kva skulde han elles taka ut etter? Ho hadde lyst, og so fekk han braadt anvint med aa koma til byn. «Eg maa inn i banken etter pengar,» sa han; men det er ho som rotar seg inn i alting og fær han paa avvegar.

Aksinja. (rister paa hovudet). Du kan so seia.

(Togn).

Anjutka (i døri). Skal eg so seia noko, um han er der?

Anisja. Nei, sjaa berre etter um han er der.

Anjutka. Det skal snart vera gjort (spring).

(Ny togn).

Mitritsch (set i). Aa Herre Jesus! Du barmhjartige Mikola!

Aksinja (støkk). Huffa meg kor rædd eg vart! Kven er det?

Anisja. Det er drengen vaar, Mitritsch.

Aksinja. Du himmelske Gud kor han skræmde meg. Eg hadde reint gløymt at han var her. — Er det sant som eg høyrer at Akulina hev havt friarar?

Anisja (gjeng utor vevstaden og set seg ved bordet). Ja, her var bod fraa Djedlovs; men dei maa nok ha fenge njosn um tingen, for det vart ikkje til noko, og sidan hev me kje høyrt meir fraa dei. Ja, kven skulde vel ha lyst....

Aksinja. Men Lisunov’s fraa Sujev?