Side:Tolstoi-boki.djvu/12

Denne siden er korrekturlest


Det gjekk som det plar gaa med slikt; det vart ingenting av det. Dei svara ha og ja, dei rike han tala til, og dei lova pengehjelp med; men ingen trudde paa tanken hans, og dei pengarne han hadde fenge lovnad paa, vart aldri innsende. Han fekk ikkje bruk for dei helder, daa det kom til stykket; han kom snart sjølv etter, at tanken hans var ubrukeleg. Men han tok lærdom av ill røynd.

Daa han som tilsynsmann ved folketeljingi og som «vælgjerar» hadde lært fatigdomen i byen noko lite aa kjenna (han hadde valt seg ut det verste fante-strôket i heile Moskva og var inne i kvart hus og tala med folk), kom han inn paa reint nye tankar.

Det er moro aa lesa skildringarne hans her (i «Kva skal me daa gjera?»), der han med sit serskilde, rolege humor viser, korleis han under heile dette arbeidet gjekk narr for sine eigne innbilningar, og korleis dette smaatt i senn klaarna upp for han sjølv. Alt viste seg aa vera annleis en han hadde tenkt seg. Det var slett ikkje so beintfram aa hjelpa. Folk som turvte hjelp var der nok av; men naar han hadde innbilt seg, at det berre var aa koma med pengeboki, so vilde all sorg slokna, so saag han med forundring, at han hadde teke reint i mist. Det var faae elder ingen han kunde hjelpa so beint fram. Pengar vart han nok av med; daa slusken saag, at her var ein rik tosk, som ein kunde plukka, so stimde dei um han i mukkevis og tagg, so at byvakti (politiet) stundom maatte berga han ut or folketrengsla att. Men dette var ingi «hjelp». Dei pengarne han gav burt paa den maaten, gjekk berre til vertshusverten. I alle tilfelle, der han vilde freista med ei hjelp som det kunde vera