Side:Tolstoi-boki.djvu/120

Denne siden er korrekturlest


Anisja. Ja, dei sende og bod; men det vart helder ikkje til noko. Han vilde kje tala med dei um tingen, deshelder.

Aksinja. Men ho skal daa vel giftast?

Anisja. Ja det er visst nok. Berre eg hadde henne vel utav huset. Men eg veit ikkje kor det skal gaa til; for ikkje vil han, og ikkje ho helder. Som ein ser, hev han nok enno ikkje fenge rasa ut med henne.

Aksinja. Aa all den synd! Kven skulde vel ha tenkt slikt noko? Han er daa stykfar hennar.

Anisja. Ja desverre! Dei hev spunne meg soleis inn, dei hev gjenge meg soleis under augo, at det er ikkje nemnandes. Dum som eg var tenkte eg ikkje over det, og la ikkje merke til nokon verdens ting daa eg gjekk stad og gifte meg. Men utan at det sveiv meg i hugen eingong, hadde dei alt stukke hovudi saman og var sameinte um tingen fraa fyrst av.

Aksinja. Nei den som høyrer!

Anisja. Di lenger, di verre, og eg saag snart at dei hadde noko fyre som eg ikkje maatte vita. Eg kan ikkje seia kor ilt det gjorde meg. Hadde eg endaa ikkje vore so glad i han....

Aksinja. Ja det kan du nok seia.

Anisja. Og at han so skal krenkja meg paa den maaten — aa, det er grysjelegt!

Aksinja. Eg høyrer at han hev vorte so stygg til aa slaa.

Anisja. Aa, det med. Fyrr, naar han hadde