Side:Tolstoi-boki.djvu/128

Denne siden er korrekturlest

seldt konnet mitt, skal du faa dei att, og eg skal pløgja eit maal jord aat deg til takk for vælgjort.» Ser du daa at eg hev noko som er takande — ein hest elder ei ku — so seier du: «Lat meg helder faa tvo elder tri rublar, so er den sak kvitt.» Eg sit no eingong i klemma og kan ikkje greia meg utan hjelp, so der er ikkje anna fyre en aa seia takk som byd, og taka dei ti rublarne. Naar daa hausten kjem og eg hev vendt mine ting, maa eg ikkje berre betala attende dei ti rublarne som eg laante, men eg maa ut med tri rublar til.

Akim. Javisst; slike knip kan nok falla millom bønder naar dei gløymer Vaarherre; men det hev ikkje noko med dette her hersens aa gjera.

Mitritsch. Vent litt, so skal du sjaa det maatar som fot i hose. Kom no ihug kva du hadde gjort; du hadde flaadt skjorta av kroppen paa meg. Men no vil eg seia, at Anisja med hev pengar liggjande, og ikkje veit kva ho skal bruka dei til. Kvinfolk forstend seg ikkje paa sovore. Ho kjem daa til deg og spør um det ikkje skulde kunne lata seg gjera aa stella det so at pengarne hennar kom til same nytte. «Jau det kunne det nok,» seier du. Og no sit du og ventar. Til vaaren kjem eg att og bed, um du ikkje kan lata meg faa ein tiar til.... eg skal nok takka deg for vælgjort.... Og du gjev deg no til aa rekna tingen ut. Er ikkje skinnet