Side:Tolstoi-boki.djvu/13

Denne siden er korrekturlest

gagn i, viste det seg, at fyrr han kunde hjelpa, maatte han fyrst hava greie paa so mange ting; han maatte vita, korleis dette menneskje hadde det i alle maatar; kva det tenkte og meinte og vilde; um der var von til, at det kunde naa det det vilde paa den vegen det hadde tenkt, — med eitt ord: han kunde kje hjelpa, fyrr han kjende mennesket. Han tyktest meir og meir raadlaus, som han stod der med pengeboki si.

Livet i «Festningi» (noko slikt som Vika elder Vaterland i Oslo) var heilt annleis en han hadde tenkt. Folket der var ikkje ein flokk «trengande», som berre gjekk og svalt og venta paa hjelp; nei, dei alra fleste var arbeidsfolk, dagarbeidarar, handverkarar, smaahandlarar, i det heile folk som hadde eitkvart aa stella med, — folk som greidde seg sjølve. Smaatt og armt hadde dei det nok, so det for ein rikmann kunde sjaa reint uliklegt ut; men dei var vande med det so; dei kunde leva med so lite. Og dei klara seg. Mange klara seg endaa paa ein maate godt. Men fann han nokon som var i slik naud som den han hadde tenkt aa finna, beint fram naud, so dei ikkje kunde berga seg sjølve, — so viste det seg for det meste, at dei alt hadde fenge hjelp av grannar og kjenningar, — just av desse same som han var komen og vilde hjelpa. — Av reine vrak var det ikkje stort fleire her en i andre samfundslag; og dei verste, dei mest hjelpelause av dei, var slike som var komne fraa dei lagi der Tolstoi sjølv høyrde heime: forkomne adelsmenn, embætsfolk, offiserar o. s. b. Han saag meir og meir, at han var komen uppi noko han ikkje forstod. Livet her var noko for seg sjølv, ei framand verd. Men folket var i det store og heile som folk i andre samfundsklassar; ja til slutt maatte han