Side:Tolstoi-boki.djvu/130

Denne siden er korrekturlest

her. Kor skal ein daa forstaa sliktnoko? Gud vil at ein skal arbeida; men naar eg byrre set pengarne i banken, kan eg leggja meg til aa sova. og so kjem pengarne av seg sjølv og føder og klæder meg. Nei det er farkestell, og ikkje etter lov og rett.

Mitritsch. Lov og rett? Det spør ein ikkje etter no tildags. Her gjeld det — berre aa plukka ein stakkar for det siste han eig og hev. Det er noko heilt anna.

Akim. Ja ja! Det er vel snart den tidi daa vondemannen fær magt over verdi. — Der saag eg no desse hersens retiradar, dei kallar, inne i byen. So vidt er det kome, kan eg seia. Hyvla og glatt og fint aa sjaa til. Men det heile er til ingen nytte, til ingen verdens nytte. Dei hev gløymt Vaarherre, det er tingen, reint gløymt han, reint gløymt Vaarherre. — Takk for maten. Anisja! (krossar seg og gjeng fraa bordet).

Mitrisch (krossar seg likeeins og kravlar seg uppaa omnen). Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Anisja (tek av bordet og et imillomaat). Vilde endaa far hans tala han litt til rettes. Men ein skjemmest for aa nemna det.

Akim (som hev krossa seg for helgenbilætet). Sa du noko?

Anisja. Nei, eg rødde berre med meg sjølv.

(Anjutka kjem inn).

Akim. Aa gilde gjenta mi! Altid flink og glad. Du er nok forfrosi no, kan eg tenkja.