Side:Tolstoi-boki.djvu/131

Denne siden er korrekturlest


Anjutka. Ja eg er kald som ein istapp. Godag, bestefar.

Anisja. No, var han der?

Anjutka. Nei. Men Andrian hadde set han inne i byen paa eit ver tshus. Han var so full som ei alke, sa han.

Anisja. Vil du ha noko til kvelds ? — Der.

Anjutka (gjeng burt til omnen og varmar seg). Slik ein kulde! Henderne er snaudt valne.

Anisja (med’ ho vaskar upp). Bestefar!

Akim. Kva er det, baane mitt?

Anisja. Kor liver so det Marina-raket — godt?

Akim. Ja, ho hev det rett godt. Flink kone, stillferdig, tøymeleg, og gjer kva ho kan. Det er, som ein seier, ein maur til aa arbeida, lydig og trugi. Jau, ho hev det rett godt.

Anisja. Dei sa her, at ein frende av mannen hennar vilde fria til Akulina her. Hev du høyrt noko um det.

Akim. Det er Mironov. Ja, kvinfolka vasa um det. Eg la kje vidare gaatt til det. Og so er eg so veik paa minnet. Det er elles flinke folk, Mironov’s. Det er ikkje noko aa seia paa dei.

Anisja. Eg veit ikkje kva eg skulde gi, um me snart kunne faa henne gift.

Akim. Korleis det?

Anjutka. (som hev lydt ved døri). Der er dei!

Anisja. Lest ikkje i vera. (Driv paa vaskar, ser ikkje upp).