Side:Tolstoi-boki.djvu/136

Denne siden er korrekturlest


Nikita. Eg gjev meg ikkje. Tak no vekk, Seier eg! (stikk setelen i handi hans).

Anisja (kjem inn; til Akim). Tak dei berre du. Elles fær du kje fred.

Akim (tek pengarne, og rister paa hovudet). Kva brennevin daa kan gjera! Det jagar menneskja fraa sans Og samling. (stikk setelen i lumma).

Nikita. Det kan eg lika! Kan du betala meg det att, so gjer det; kviss ikkje, kan det vera det same. Eg er so. — Akulina, lat dei so faa sjaa det pusleriet me hev med oss.

Akulina. Kva?

Nikita. Kom fram med sakerne, seier eg.

Akulina. Sakerne? Er det noko aa syna? Eg hev alt lagt dei ned.

Nikita. So tak dei uppatt. Anjutka hev nok hug til aa skoda paa dei. No, vis henne det. Tak av sjalet, og kom hit med det.

Akim. Aa, ein fær vondt berre av aa sjaa paa. (kryp uppaa omnen).

Akulina (kjem med plagget). Kva er vel dette aa syna?

Anjutka. Aa kor vakkert det er! Næ—æ! Det er likso pent som Stepanida sitt.

Akulina. Stepanida sitt? Kor skulde hennar kunne mæla seg med dette? (vert meir og meir uppi røyrd). Sjaa her kva vevnad det er .... franske greier, (tek fleire ting upp or dragkista).

Anjutka. Og denne sirsen — jau eg skulde meine det er fint! Masjutka hev eit slikt stykke;