Side:Tolstoi-boki.djvu/138

Denne siden er korrekturlest


Nikita (spring imillom). No, no, kvinfolk! Lat det no vera nok.

Akkulina. Ho skal og byste seg! Du burde helder halda munn, og koma ihug kven du er. Du trur kanskje ikkje ein veit det?

Anisja. Kva veit? Seg fraa, seg fraa kva det er du veit!

Akulina. Eg veit noko um deg.

Anisja. Jau, du er ei gild merr som liver med ei onnor sin mann.

Akulina. Og du hev teke livet av din.

Anisja (fyk i Akulina). Det logst du!

Nikita (held henne att). Anisja! Du gløymer ..

Anisja. Kva trugar du etter? Eg er ikkje rædd deg.

Nikita. Ut med deg! (tek ho i herdi og støyter ho mot døri).

Anisja. Kvart skal eg gaa? Eg gjeng ikkje ut av mitt eiget hus.

Nikita. Ut med deg. seier eg! Og kom ikkje meir her.

Anisja. Nei, eg gjeng ikkje. (Nikita vil kasta henne utgienom døri; ho græt og skrik, og held seg fast i dørkarmen). Kva er slikt for noko? Jaga folk ut av deira eiget hus! Kva er det du gjer, din usæling? Du trur kanskje at der bid ingi lov over deg? Men vent du berre!

Nikita. Naa, naa!

Anisja. Eg gjeng til eldstemannen..... til politiet!