Side:Tolstoi-boki.djvu/141

Denne siden er korrekturlest

tottarne paa kvarandre att. Aa Herre Jesus! Barmhjartige Mikola!

Akim. Verso god, kryp du berre inn i kraai.

Mitritsch. Dei kan daa aldri koma tilliks um aa byta han millom seg. Aa Herre Jesus!

Nikita. Akulina? Kom med likøren so me kan faa litt av den i teen.

Anjutka (til Akulina). Akulina! Temaskina er ved aa gaa av kok.

Nikita. Og kvar er mor?

Anjutka. Ho stend utpaa gangen og græt.

Nikita. Aahaa! Rop paa henne og lat henne koma med temaskina. — Akulina, set so du kopparne fram.

Akulina (i tankar). Kopparne? No ja, det kan eg altid. (Set koppar og glas paa bordet).

Nikita (set kringlor, sild og ei likørflaske paa bordet). Det her er til meg; so er den traaden der til kona, og oljen sette me att ute. Og her er pengarne. (set seg ved bordet og tek reknetavla ned av veggen). No skal me sjaa. Kveitemjøl — firs, olje for .... ti rublar .... Far! kom so og drikk te. (Togn. Akim sit paa omnen og bind bastskorne paa seg).

Anisja (kjem med temaskina). Kvar skal eg setja henne?

Nikita. Set ho her paa bordet. Naa, hev du so vore til politiet? Aha! Ein annan gong stikk du pipa inn og held tann for tunge. No, ver ikkje vond lenger daa. Set deg ned og drikk.