Side:Tolstoi-boki.djvu/145

Denne siden er korrekturlest


Akulina. Munspelet? Hev du no fenge bruk for det? Du hev daa sjølv sendt det burt for aa faa det istand. Naa, no hev eg skjenkt i; drikk so.

Nikita. Eg hev ikkje lyst. Sløkk ljoset Eg er so tung um hjarta! (græt).


Fjorde vending.


(Tunet paa Nikita-garden. Ein maaneskinskveld um hausten. Midt i bakgrunnen: ingang til huset med gang; til høgre: stovehuset og porten; til vinstre: stabbur og kjellar. Innan or huset høyrest det søg og sjau, blanda med rop av fulle folk. Malanja stend i døri og vinkar paa Aksinja som kjem over tunet).

Malanja. Kvi kom so ikkje Akulina inn?

Aksinja. Ikkje inn? Jau ho vilde somenn meir en gjerne; men det læt seg ikkje gjera, ser du. Trulovarane er komne og skal sjaa paa brudi, og so ligg ho inne i kammerset, arme tinget, og kan ikkje visa seg for nokon.

Malanja. Men kva er daa ivegen?

Aksinja. Jau det stend gale til med underlivet. Det skal vera vonde augo, seier dei, som er skuld i det.

Malanja. Er du paa styr!

Aksinja. Ja, kva skal det vel elles vera? (kviskrar noko i øyra paa ho).